UKM gir muligheter

I helga tilbragte eg to dager backstage i Oslo Spektrum under Melodi Grand Prix junior som del av UKM Media. Vi var omgitt av 3,5 fullasta NRK-bilar, ein drøss svartkledde lyd, lys – og kamerafolk, og ellers alt som skal til for ein slik gigantisk produksjon. Følte meg bra kul, men også litt malplassert der eg vandra rundt aleine med “kun”  kamerabag og presseakkreditering!

Fokuset låg på dokumentere UKM-artistane John Harman Bratland og bandet Indigo Child, som begge var plukka ut til å spele i pauseinnslaget under MGPjr. Resultatet vart ein bildeserie av 1,1 dagar tilbragt som floge på veggen i garderoben, bak scena og på hotellrommet. Eg fekk også muligheita til å vere backstage med Indigo Child i det augeblikket Vilde og Anna vart annonsert som vinnarane av MGPjr 2016 – og gjett om det var stemning! Både dei og bandet kjem frå Nordfjordeid og kjenner kvarandre godt. Derfor var det sjukt gøy å sjå kor glade Indigo Child-gjengen vart på deira vegne når dei vann!

MGPjr-fan eller ikkje, men å oppleve ein av Norges aller største TV-satsingar frå sceneteppet er verkeleg ei oppleving! Kan dra fram small-talken til programleiarar Ingrid og Nicolai mellom innslaga som eit hødepunkt – mikrofon-lyden var nemlig på til einkvar tid. Ein avsluttande takk til UKM, som gir ungdom muligheten til å overhøyre slike juicy funfacts (og å få lærerike opplevingar)!

Sjå resten av biledeserien på ukm.no, og les tekst-saka mi om Indigo Child her!

[spacer height=”20px”]